Velkommen

Velkommen til den 62. Vikjastafetten 28. mai 2012
Vik IL ynskjer alle velkommen til den 62. vikjastafetten 2. pinsedag (28. mai). Her vert det jentestafett, gutestafett, seniorstafett, skulestafett og sjølvsagt OPEN klasse. Set alt no av denne dagen til mykje moro og aktivitet på Vik Stadion.



Bruk av kampvert vestar
Styret i fotballgruppa i Vik IL har vedteke at det skal brukast kampvertvestar på alle heimekampar for aldersfastlagde kampar inkludert seniorkampar. Dette er for at ramma rundt arrangementa skal verte mest mogleg prega av Fair Play.



Alt klart for det fyrste Suten Opp - laurdag 26. mai 2012
Vik IL arrangerer for fyrste gong motbakkeløpet "Suten opp" laurdag 26. mai. Arrangementet vert i år ein del av Gamalostfestivalen og har både trimklasse for heile familien og konkurranseklasse. Total løypelengd er 1800m med ein høgdeskildnad på 500m. Sjå meir informasjon under ....



SommarSNØ på Vikafjellet!
Vikafjellet er kjent for fantastiske treningsforhold på sommarsnø.
 
Frå 10. mai vert det køyrt opp løyper i området Skjelingen/Grensa.



SKIKARUSELL/TELENORKARUSELLEN 2012
Over 100 ungar har vore med på skikarusellen i vinter. Imponerande!



Sara Birkeland vann hovedgevinsten på Trimkarusellen
Trimkarusellen avslutta den 16. sesongen med stor avslutningsmarkering i Vikjahalli og det var Sara Birkeland som heilt til slutt vann hovedgevinsten ein ASUS PC/nettbrett til ein verdi av 5000,- kr. I klassekonkurransen vann 6. klasse med knappast mogeleg margin til 2. klasse som då fekk 2. premie.



Resultatliste Sport 1 Cup KM Fellesstart 13 År og eldre
Vik Skisenter 17. mars 2012



Resultatliste Sport 1 cup 9 Sprint tom 12 år
Vik Skisenter laurdag 17. mars 2012



Avslutning Trimkarusellen 20. mars i Vikjahalli med stor premieutdeling
Trimkarusellen 2011/2012 vert avslutta tysdag 20. mars. På grunn av teater i Blixhalli vert både påmelding, start, mål og premieutdeling i Vikjahalli. Start registrering frå kl 17.00. Her vert det både mat, drikke og stor premieutdeling med trekking av hovedpremien, klassepremiar mm frå kl 19.00. Sjå link til plakat.
 



Strålande dag for vikjene under fyrste dag av HL i skiskyting.
Dei unge skiskyttarane frå Vik IL (8 ialt) som deltek på
Hovudlandsrennet i skiskyting i Os/Røros i Østerdalen gjorde ein framifrå innstats den fyrste renndagen som var normaldistanse. Då gjekk gutane 7,5 km og jentene 6 km, med to skytingar og eit halvt minutt tillegg for kvar bom. Hovudlandsrennet er som eit uoffisielt NM for 15 og 16-åringar, og er eit stort arrangement med over 370 deltakarar.



Sponsorar

Vik SparebankStatkraftSognekraft banner ny
Design og tilretteleggjing:
Torstein Hønsi / Vik IT-Partnar AS